Einar Hatlebakk

Norwegian chess player
The basics

Quick Facts

IntroNorwegian chess player
PlacesNorway
isChess player
Work fieldSports
Gender
Male
Birth7 March 1947
Age77 years
Star signPisces
The details

Biography

Einar Hatlebakk (fødd 7. mars 1947) er ein norsk sjakkspelar frå Molde. Han vart under Noregsmeisterskapen i sjakk i Fredrikstad i juli 1960 den yngste vinnaren av Noregsmeisterskapen i sjakk for juniorar, klassa for spelarar opp til 20 år. Han var då berre 13 år og 4 månader gammal. Han vann turneringa klart, med heile 7,5 poeng på 9 rundar. Han spelte då for Molde sjakklubb.

Han vart ein sterk meisterspelar som vaksen, og Verdssjakkforbundet (FIDE) har tildelt han tittelen FIDE-meister i sjakk. Han har fleire gongar vore med på å vinne Noregsmeisterskapen i sjakk for klubblag, for Akademisk Sjakklubb i 1979, og for Oslo Schakselskap i 1985 og 1986. Han har ikkje spelt seriøs turneringssjakk etter 2000.

Bakgrunnsstoff

Kjelder

  • Øystein Brekke (1989): Norges sjakkforbund 75 år 1914-1989, Oslo: Norges Sjakkforbund, ISBN 82-991916-0-2

Fotnotar

  1. Brekke 1989 s. 104
  2. Brekke 1989 s. 110-111
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
The contents of this page are sourced from Wikipedia article on 22 Aug 2020. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.