Eigil Hesstvedt

Norsk meteorolog
The basics

Quick Facts

IntroNorsk meteorolog
PlacesNorway
wasMeteorologist Athlete Fencer
Work fieldScience Sports
Gender
Male
Birth16 September 1920
Death29 April 1979 (aged 58 years)
Star signVirgo
The details

Biography

Eigil Hesstvedt (fødd 16. september 1920 i Oslo, død 29. april 1979 i Oslo) var ein norsk meteorolog og ein internasjonal pioner innan problem knytte til atmosfærisk kjemi og forureining.

Han tok cand.real. innan matematikk i 1947 og dr.philos. i 1961. Han var professor i meteorologi ved Universitetet i Oslo frå 1966. Hesstvedt arbeidde først hovudsakleg med skyfysikk, mellom anna perlemorskyer og lysande nattskyer. Seinare arbeidde han mest med problem knytte til kjemi i atmosfæren og forureining.

Eigil Hesstvedt var formann i Oslo geofysikeres forening 1963–1965 og formann i Den nasjonale komité for geodesi og geofysikk frå 1969. Han vart medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi i 1966. Han hadde fleire verv i Verdas meteorologiorganisasjon og International Union of Geodesy and Geophysics.

Hesstvedt vart nordisk meister i fekting med sabel i 1969 og var noregsmeister i fekting i 1959 med florett og i 1964 med sabel.

Utgjevingar (utval)

  • On the physics of mother pearl clouds, i Geofysiske publikasjoner, nr. 9/1960
  • On the photochemistry of ozone in the ozone layer, i Geofysiske publikasjoner, nr. 5/1968
  • Long range transport of ozone (saman med Ø. Hov og I. S. A. Isaksen), i Institutt for geofysikks rapportserie, nr. 32, 1977
  • Possible increase in total ozone due to anthropogenic release of carbon monoxide and nitrogen oxides near the ground, i Institutt for geofysikks rapportserie, nr. 35, 1978

Kjelder

The contents of this page are sourced from Wikipedia article on 26 Jun 2020. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.