Christopher Hanssen Sødring

Norwegian politician
The basics

Quick Facts

IntroNorwegian politician
PlacesNorway Denmark
wasPolitician
Work fieldPolitics
Gender
Male
Birth5 February 1782, Aarhus Municipality, Central Denmark Region, Denmark
Death22 February 1860Aalborg, Aalborg Municipality, North Denmark Region, Denmark (aged 78 years)
Star signAquarius
The details

Biography

Christopher Hanssen Sødring (5. februar 1782–22. februar 1860) var ein dansk kjøpmann, gardbrukar og bryggerieigar som var norsk stortingsmann i 1818.

Sødring var fødd ved Århus i Danmark, faren hans var kunstsnikkar. Sjølv vart han cand. theol. i 1805, og flytta omkring 1806 til Bergen, der han var kjøpmann og skipsreiar. I 1822 flytta han tilbake til Danmark og dreiv ein stor gard ved Vordingborg i ti år. Han kom så til Noreg att i 1832, dei neste seks åra var han gardbrukar på Tåsen i Aker i Akershus. Flytta på ny heim til Danmark i 1838, sidan var han bryggerieigar i Ålborg.

I 1818 var Sødring 4. representant frå Bergen på Stortinget. Han var medlem av elleve komitear, mellom dei var protokollkomiteen, gasje- og pensjonskomiteen og komiteen om brennevinsbrenning. Vidare var han med i Stortinget sin deputasjon til kongekroninga i Stockholm.

Sødring døydde i Ålborg i 1860.

Kjelder

The contents of this page are sourced from Wikipedia article on 22 Aug 2020. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.