Biography
Lists
Also Viewed
Quick Facts
Intro | Norwegian politician | |
Places | Norway | |
was | Politician | |
Work field | Politics | |
Gender |
| |
Birth | 19 January 1837, Hjartdal, Telemark, Eastern Norway, Norway | |
Death | 8 September 1892Norderhov, Ringerike, Buskerud, Eastern Norway (aged 55 years) |
Biography
Carl Ingwart Theodor Rynning (17. januar 1837–8. september 1892) var ein norsk sakførar, embetsmann og stortingsmann frå Sauland i Telemark. Ole Roald Rynning var bror hans.
Rynning var son til ein lensmann. Sjølv vart han student frå Heltbergs studentfabrikk i Christiania i 1856 og cand. jur. i 1862. Frå 1863 var han fullmektig hos sorenskrivar, sidan 1866 overrettssakførar på Røros. I 1878 vart han tilsett som fut og sorenskrivar i Alta. Etter fem år i embetet vart han amtmann i Finnmark, noko han var i to år. Sidan 1885 var han sorenskrivar i Ringerike.
Rynning var 2. representant frå Finmarkens amt på Stortinget i perioden 1883-85. Han var medlem av jarnbanekomiteen. På tinget slutta han seg til partiet Høgre då det vart danna.
I 1892 døydde han på skrivargarden i Norderhov.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Carl Rynning NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv