Carl Ferdinand Andresen

Norwegian civil servant and politician
The basics

Quick Facts

IntroNorwegian civil servant and politician
PlacesNorway
wasMiner Bergmeister Film director Politician
Work fieldEngineering Film, TV, Stage & Radio Politics
Gender
Male
Birth24 June 1824, Christiania, Union between Sweden and Norway, Norway
Death14 February 1890Arendal, Aust-Agder, Norway (aged 65 years)
Star signCancer
Family
Father:Nicolai Andresen
Siblings:Johan Henrik Andresen Nicolay August Andresen Jens Peter Andresen
Awards
Knight of the Order of St. Olav‎ 
The details

Biography

Carl Ferdinand Andresen (24. juni 1824–14. februar 1890) var ein norsk embetsmann og stortingsmann frå Kristiania.

Han var son til kjøpmann Nicolai Andresen. Etter han vart student i 1841 utdanna han seg til cand.min. (bergvitskap) i 1846. Frå 1849 arbeidde han i ymse stillingar ved Kongsberg sølvverk, sist som hytteskrivar frå 1854. Tiåret 1856-66 var han driftsstyrar ved «Vinorens sølvverk» I 1866 byrja han som direktør ved Kongsberg sølvverk, administrerande direktør 1869-85. Til sist tollkasserar i Arendal fram til han døydde i byen i 1890.

Andresen var i 1865 medlem av kommisjonen om Kongsberg sølvverk, i 1865 av kommisjonen om pengestellet, og i 1875 formann i kommisjonen om bergverkslova. Han var ordførar i 1865 og styreformann («direktør») i den lokale sparebanken.

Tingbolken 1871-73 representerte han Kongsberg på Stortinget, der han var sekretær i næringskomite nr 1. Perioden 1880-82 var han varamann for same valkrinsen, møtte i 1881- og 1882-sesjonen i staden for avdøde Jens Landmark. Han var då medlem av militærkomiteen.

Kjelder

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff

The contents of this page are sourced from Wikipedia article on 10 Sep 2020. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.