Biography
Gallery (1)
Lists
Also Viewed
Quick Facts
Places | Norway | ||
is | Writer Artisan Artist Textile artist | ||
Work field | Arts Literature | ||
Gender |
| ||
Birth | 5 March 1955, Tysnes, Hordaland, Norway | ||
Age | 69 years | ||
Star sign | Pisces | ||
Family |
|
Biography
Britt Kjellesvik Rage (fødd 1955 på Tysnes i Sunnhordland) er ein norsk dokkemakar og tekstilkunstnar, mest kjend for sine dokker i autentiske folkedrakter frå Vestlandet eller mellomalder. Dokkene har fått brei omtale i ei rekkje aviser og tidsskrift, mellom anna i Norsk Husflid og i Danmark, Holland, Tyskland og USA. Ei dokke i tradisjonell Tysnesdrakt vart overrakt kongen og dronninga i gåve frå Tysnes kommune under kongebesøket i Hordaland 2009.
I år 2000 starta ho Dokkegalleriet i heimen sin på Tysnes i Sunnhordland, med verkstad og galleri. Her har det forutan produksjon av dokker, teaterdokker, leiker og historiske drakter også vore halde fleire utstillingar med forskjellige kunstnarar.
I 1986 publiserte Britt Kjellesvik Rage boka Folkedrakter i Sunnhordland - frå Tysnes på 1800-talet. Ho har bygd opp ein database over gamle draktplagg frå Tysnes, der over 500 plagg er registrert.
Britt Kjellesvik Rage er utdanna som ergoterapeut og har studert draktskikk og draktkultur ved Universitetet i Bergen og NTNU.
Kjelder
- Norsk Husflid nr 4 2000