Birger Grinde

The basics

Quick Facts

PlacesNorway
wasAviator Pilot Aircraft pilot
Work fieldMilitary
Gender
Male
Birth7 September 1908
Death23 August 1998 (aged 90 years)
Star signVirgo
The details

Biography

Birger Grinde (7. september 1908–23. august 1998) var ein norsk flygar og lufttrafikkinspektør i Luftfartsdirektoratet.

Grinde vart utdanna som flygar ved Marinens Flyveskole og fekk «Flygervingen» i 1931. Han vart tilsett i DNL i 1937 og flaug innanlands med Junkers Ju 52 i åra før andre verdskrigen.

Hausten 1939 vart han beordra som nestkommanderande ved Marinens flyavdeling på Skattøra og deltok i kampane ved Narvik i 1940, før han måtte overlevera Skattøra flystasjon til tyskarane. Etter at kampane i Noreg var over kom han seg først over til Sverige, og sidan til England. Under krigen var han først instruktør i Little Norway. Frå 1942 var han knytt til 333. skvadron i Storbritannia og flaug mellom anna Catalina. Etter krigen vart han tilsett som lufttrafikkinspektør i Luftfartsdirektoratet. Grinde var norsk rådsrepresentant ved Den internasjonale organisasjonen for sivil luftfart (ICAO) i periodane 1953-56 og 1971-74. Han gjekk av med pensjon frå stillinga som lufttrafikksjef i Luftfartsverket hausten 1978.

Referansar

  1. Marinens flygevåpen 1912-1944. Hafsten, Bjørn/Arnheim, Tom. Side 278
  2. Knut Løvstuhagen (29. september 1978). «Lufttrafikksjef Birger Grinde: La Braathens SAFE og SAS konkurrere». Aftenposten: 5. 
The contents of this page are sourced from Wikipedia article on 11 Sep 2020. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.