Åsmund Ohnstad (fødd 4. september 1950) er ein norsk forfattar og historikar frå Aurland i Sogn og Fjordane. Han har lektorutdanning i språk, samfunnsøkonomi og historie ved universitetet i Bergen. Ohnstad har gitt ut fleire bøker om lokalhistorie på norsk og engelsk. Åsmund Ohnstad har vore leiar i Aurland sogelag.
Han er son av forfattar og historikar Anders Ohnstad.
Bibliografi
Bøker
- 1994 – Among the fjords and mountains : a summary of Aurland's history (Aurland: Aurland sogelag) . ISBN 82-90451-50-4 [Redaktør: Åsmund Ohnstad]
- 2001 – FBK Voss gjennom 80 år : 1921-2001 (Voss: FBK Voss) . ISBN 82-996136-0-4 [Av Anders Ohnstad og Lauritz Myklebust]
- 2006 – Undredal og Nærøy : gard og ætt (Aurland: Aurland sogelag) . ISBN 82-992261-4-7
- 2008 – Banken til beste for bygda : Aurland sparebank : 1883-2008 (Aurland: Aurland sparebank)
- 2011 – Ættebok for Aurland frå 1901 til 2010 (Aurland: Aurland sogelag) [Frå forordet: Boka er ei vidareføring av Bygdebok for Aurland, bind 2, som kom ut i 1964]
- 2013 – Ættebok for Vossestrand. 2 (Voss: Nemnda) [Redaktør Åsmund Ohnstad]
- 2018 – Vossaboka : band 1: Gards- og ættesoge for Kolle - Raudstad (Voss: Voss bygdeboknemd) . ISBN 978-82-90074-12-3 [Redaktør Åsmund Ohnstad]
I tidsskrift - eit utval
Kjelder