Biography
Gallery (1)
Lists
Also Viewed
Quick Facts
Intro | Norsk stortingsmann og offiser | |
A.K.A. | Anton David Svendsen Hjorth | |
A.K.A. | Anton David Svendsen Hjorth | |
Places | Norway | |
was | Politician Military officer Soldier Officer | |
Work field | Military Politics | |
Gender |
| |
Birth | 24 November 1830, Kristiania, Norway | |
Death | 16 September 1891Kristiania, Norway (aged 60 years) | |
Star sign | Sagittarius |
Biography
Anton David Svendsen Hjorth (24. november 1830–16. september 1891) var ein offiser og stortingsmann frå Christiania.
Han var son til ein jurist som døydde då Anton var småbarn. I barneåra vart han bortsett til offiseren Jens Hjorth, som seinare adopterte guten og som fekk etternamnet hans. Han tok eksamen ved krigsskulen i 1850, og vart i 1852 sekondløytnant i 1. akershusiske brigade. I 1853 vart han overført til brigaden i Kristiansand, forfremja til premierløytnant i 1854 og kaptein i landvernet i 1860. Under opphaldet i Kristiansand arbeidde han i fleire år i vegvesenet og ved jarnbanevesenet, også styrar av Kristiansands gassverk. År 1868 utnemnd til oberst og sjef for det norske jegerkorps.
I 1875 fekk Hjorth stilling som kopist i statsrevisjonen. Han hadde ikkje søkt om avskjed frå embetet sitt, noko kongen mislikte sterkt. Kongen gav Hjorth, gjennom kommandolinjene, valet mellom å seie frå seg kopiststillinga eller straks søke avskjed som offiser. Hjorth nekta begge alternativa, og vart 31. juli 1875 meldt avskil frå offiserstenesta. Stortinget løyvde i 1877 han 2/3 av gasjen i pensjon. Hjorth var statsrevisor frå 1877 til -88, samt styremedlem i jarnbanene 1886-89.
Hjorth var 1. representant for Venstre frå Smaalenenes amt på Stortinget 1883-85 og 1886-88. Begge valperiodane var han medlem av militærkomiteen.
Siste åra av livet budde han i Berg i Østfold. Men han døydde 1891 i Kristiania.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Anton Hjorth NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv