Anja Øyen Vister
Norwegian singer
Anja Øyen Vister (f. 1978) er ein norsk elektronikaartist som er kjend under artistnamna Anja og Anji.
Anja Øyen Vister vart kåra til Årets Urørt i 2005 med låta «Hush, hush», og vann mellom anna over Animal Alpha. Sidan har ho vorte vokalist i elektronikabandet Flunk, som har gjeve ut seks plater til no. Musikken deira har vorte brukt i The O.C. og i filmen Nancy Drew. Ved sida av musikken har Anja studert medisin.