Biography
Lists
Also Viewed
The basics
Quick Facts
Places | Norway | |
Gender |
| |
Birth | 1 January 1778 | |
Death | 1 January 1857 (aged 79 years) |
The details
Biography
Anders Thorsen Syrtveit, også kjend som Anders Thorson Syrtveit og Anders Thorsen Solberg (fødd 1778 i Iveland, daud 1857 i Evje), var ein norsk byggmeister.
Syrtveit gjekk også under navnet «Anders kyrkjebyggar» og er særleg kjend for ei rad kyrkjebygg i Setesdal/Agder:
- Årdal kyrkje i Bygland
- Hægeland kyrkje
- Iveland kyrkje
- Hylestad kyrkje
- Bygland kyrkje
- Valle kyrkje i Setesdal
- Sandnes kyrkje i Bygland
I tillegg stod han bak to kyrkjer som er tapt i brann eller nedrivne (Evje). Ifølgje kyrkjebyggdatabasen er også Moland kyrkje i Fyresdal sett opp av Syrtveit. Syrtveit laga fire åttekantkyrkjer og fire krosskyrkjer. Syrtveit er oppført både som arkitekt og byggmeister for fleire kyrkjer, grensene mellom desse yrka var uklare fordi dei gamle byggmestrane «bygget etter eget hode».