Aksel Irgens
Norwegian politician
Intro | Norwegian politician | ||
Places | Norway | ||
was | Politician | ||
Work field | Politics | ||
Gender |
| ||
Birth | 16 July 1863 | ||
Death | 18 April 1928 (aged 64 years) | ||
Star sign | Cancer | ||
Family |
|
Aksel Irgens (16. juli 1863–18. april 1928) var ein norsk forretningsmann og stortingsrepresentant frå Bergen. Ole Irgens var far hans.
Irgens gjekk på Tanks skole i heimbyen og tok i 1880 eksamen frå Hambro handelsskole. Han arbeidde fyrst på kontoret til farbroren H. Irgens i Bergen. Saman med sin fetter Ole Irgens tok han i 1899 over forretninga, som dreiv med handel og skipsreiarlag, under firmanamnet O. & A. Irgens.
Aksel Irgens var medlem av formannskapet i Bergen bystyre 1902-07. Perioden 1910-12 representerte han partiet Høgre og einmannskrinsen Nygaard på Stortinget. På tinget var han medlem av Lagtinget og sekretær i jarnbanekomiteen. Då aksjelova var oppe til drøfting i 1910 var han med i den utvida justiskomiteen.