Adolph Christian Wetlesen

Norwegian politician
The basics

Quick Facts

IntroNorwegian politician
PlacesNorway
wasPolitician
Work fieldPolitics
Gender
Male
Birth13 April 1813
Death27 September 1898 (aged 85 years)
Star signAries
The details

Biography

Adolph Christian Wetlesen (13. april 1813–27. september 1898) var ein norsk handelsmann, gardbrukar, politikar og fyrvaktar frå Bergen. Stortingsmann frå Nordland 1855-58. Han var son til Hans Jørgen Wetlesen og bror til Jacob Vetlesen.

Adolph Wetlesen var handelskontorist i Bergen frå 1831 til 1841. I 1845 opna han handel på Straumen i Rana, der han også dreiv gard. Han var ordførar i fleire år, forlikskommissær i 14 år og sentral då Nordlands amt landbruksskule vart oppretta.

Wetlesen møtte på stortinget 1854, 1857 og omframtstortinget 1858 som ein av fire representantar frå Nordland fylke. Han var i 1854 medlem i Tollkomiteen og 1857 i Næringskomite nr 1. Ved sidan av stortingsvervet var han i 1855 med i ein kongeleg kommisjon om Lofotfisket.

Frå 1867 arbeidde Wetlesen som fyrvaktar, fyrst på Reine, sidan 1871 på Hekkingen og frå 1880 Kvitnes på Nordmøre. Han døydde i Kristiansund, 85 år gammal.

Kjelder

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
The contents of this page are sourced from Wikipedia article on 01 Aug 2020. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.